Alle har
sitt eige tålemål, en spesiell måte å snakke og uttrykkje seg på. Det varierer
sjølvsagt frå kor du kjem i frå, kva type menneskjer du omgås med og kor gammal
du er. Man kan, berre ved å høyre på dialektane til folk, klare å identifisere
kor personane kjem i frå.
Noko av
det første eg kjem på som kjenneteiknar min dialekt er at eg har skarre-r, eg
rullar ikkje på r-en slik som mange gjer. Eg har heller ikkje tjukk l,
retroflekse konsonantar eller blaute konsonantar. Eg brukar det personlege
pronomenet eg, og ikkje jæi, i, ai, je, jæ, ej eller æi. Målmerka på talemålet mitt kan
dermed plasseras på vestlandet ein plass, noko som stemmar ganske godt.
Mitt
talemål skiljar seg ikkje så mykje frå dei andre i det området der eg bur.
Nokre menneskjer i området har ulike endingar i verba og substantiva. Delar av
slekta mi kjem frå det såkalla «strilalandet». Besteforeldrane mine kjem i frå
Laksevåg, Austevoll, Sotra og Lygre. Talemålet mitt er ganske likt talemålet
til foreldra mine, men det er sjølvsagt nokre få skilnader, så få at det folk
rundt oss ikkje høyrer noko forskjell.
Men det litle som skil meg og foreldra sine talemål kjem frå påverknaden
eg har fått frå venar og TV.
Viss eg
snakkar med nokon som har same eller liknande dialekt som meg, plar eg å
tilpasse meg etter dialekten deira, men berre viss dei har ein meir klar og
tydeleg i dialekt. Snakkar eg med ein «ekte» bergensar vert talemålet mitt
endra ein liten stund, det same gjelder viss eg snakkar med ein stril, men snakkar
eg med til dømes ein nordlending, østlending eller trønder vert ikkje talemålet
mitt endra, sidan dialekten min ikkje er lik deira.