søndag 20. mai 2012

Talemål


Alle har sitt eige tålemål, en spesiell måte å snakke og uttrykkje seg på. Det varierer sjølvsagt frå kor du kjem i frå, kva type menneskjer du omgås med og kor gammal du er. Man kan, berre ved å høyre på dialektane til folk, klare å identifisere kor personane kjem i frå.

Noko av det første eg kjem på som kjenneteiknar min dialekt er at eg har skarre-r, eg rullar ikkje på r-en slik som mange gjer. Eg har heller ikkje tjukk l, retroflekse konsonantar eller blaute konsonantar. Eg brukar det personlege pronomenet eg, og ikkje jæi, i, ai, je, jæ, ej eller æi. Målmerka på talemålet mitt kan dermed plasseras på vestlandet ein plass, noko som stemmar ganske godt.

Mitt talemål skiljar seg ikkje så mykje frå dei andre i det området der eg bur. Nokre menneskjer i området har ulike endingar i verba og substantiva. Delar av slekta mi kjem frå det såkalla «strilalandet». Besteforeldrane mine kjem i frå Laksevåg, Austevoll, Sotra og Lygre. Talemålet mitt er ganske likt talemålet til foreldra mine, men det er sjølvsagt nokre få skilnader, så få at det folk rundt oss ikkje høyrer noko forskjell.  Men det litle som skil meg og foreldra sine talemål kjem frå påverknaden eg har fått frå venar og TV.

Viss eg snakkar med nokon som har same eller liknande dialekt som meg, plar eg å tilpasse meg etter dialekten deira, men berre viss dei har ein meir klar og tydeleg i dialekt. Snakkar eg med ein «ekte» bergensar vert talemålet mitt endra ein liten stund, det same gjelder viss eg snakkar med ein stril, men snakkar eg med til dømes ein nordlending, østlending eller trønder vert ikkje talemålet mitt endra, sidan dialekten min ikkje er lik deira.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar