I dag er adaptasjon av litterære tekster til film vorte ganske normalt, der filmmanuset
tar utgangspunktet i ein roman. Eg trur grunnen til at dette er vorte så
populært, er fordi ein roman inneheld ei historie som er bra oppbygd og har
livlege karakterar som hadde vorte spennande å sjå på lerretet.

I den siste tida har eg sett nokre filmar og seriar som er basert på romanar. For ikkje så lenge sidan såg eg «Forest Gump» som er blitt ein verdskjent og prisvinnande film for sin røyrande historie. Eg har diverre ikkje fått lese boka, men det er ei bok eg gjerne vil lese før eg døyr. Ei bok eg las i første klasse på vidaregåande skule, «Holes» av Louis Sachar, vart filmatisert i 2003. Denne filmen såg heile klassen ilag og dermed kunne vi sjå litt på forskjellane fra bok til film. Eg følgjer også med på seriane «Dexter» og «Game of Thrones», som er begge baserte på romanar.
![]() |
I serien "Dexter" får du vite tankane til ei seriemorder, ved hjelp av voice-over |
Eg har ikkje
lest så mykje bøker, difor veit eg ikkje kva for medium som formidlar bodskapen
best, men eg har lest mange barnebøker, som Charlie og sjokoladefabrikken, og
eg meiner at boken fekk fram bodskapen best. Når man lagar filmar har man muligheit til å manipulere bilda og leggje til høvande musikk, noko som ikkje kan gjerast i ei bok. I ei bok kan forfattaren leggje til lukt og følelsar som ikkje kan uttrykkjast like sterkt i ein film. I bøker kan man få vite tankane til personane, viss dette er brukt i film, kallas det voice-over. Når man leser
boka lager man seg si eiga film i tankane basert på ulike sansar og fantasien til
enkeltindividet, difor meiner eg at boka er det beste medium.

Kjelder: