fredag 9. mars 2012

Sidemål


Den 24. januar la Kunnskapsdepartementet frem til høyring eit forslag om å gjere om norskfaget slik vi kjenner det i dag. Forslaget seier at man skal få ein skriftleg karakter i faget norsk. Dette kan bli slutten på ein eigen karakter i sidemål. Dei skriftlege karakterane skal omfatte ferdigheter i både i nynorsk og bokmål. I dag har skulane eit sidemål og eit hovudmål som elevane brukar, kor elevane bestemmer sjølv kva skriftspråk dei vil ha som sitt hovudmål og sidemål.

Dette er både bra og dårleg, meiner eg. Det vil sjølvsagt gi ein samla karakter, som vil hjelpe dei som er svak i eit av skriftspråka. Det negative er at utanforståande ikkje vil ha informasjon om kor bra du gjer det i dei forskjellige skriftspråka eller om du korleis du meistrar dei ulike skriftspråka.

Kjem dette til å svekkje nynorsk-karakteren? Det trur eg faktisk ikkje. Så lenge ikkje kompetansemåla endrar seg, så trur ikkje eg at opplæringa i nynorsk vil bli svekka. Dersom man får same undervisning som før, med berre ei liten endring i korleis man setter karakter, vil det forhåpentlegvis ikkje påverke kunnskapen eleven får.

Eg veit at eg ikkje står like sterkt på karakteren i både nynorsk og bokmål. Eg hugsar kor mykje eg sleit med nynorsken på barneskulen, for skriftspråket likna ikkje på måten eg snakka på. Dette har eg tatt med meg og eg sliter fortsatt med alle bøygningane i nynorsk. Eg seier ikkje noko negativt om nynorsken, det er ikkje eit unødvendig skriftspråk, det er berre eg som tykkjer at skriftspråket kan vera litt utfordrande for meg iblant. Difor valde eg bokmål som hovudmål på ungdomskulen og på vidaregåande. Skriftspråket kunne minna meir om mitt eige talemål i fleire tilfelle.

Eg veit at eg brukar mykje meir tid på å skrive ei nynorsk tekst enn ei bokmålstekst, det er fordi eg ikkje beherskar nynorsk like godt som bokmål, men eg trur eg klarar å uttrykkje meg til ei viss grad slik at folk kan forstå bodskapen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar