tirsdag 13. mars 2012

Adaptasjon


I dag er adaptasjon av litterære tekster til film vorte ganske normalt, der filmmanuset tar utgangspunktet i ein roman. Eg trur grunnen til at dette er vorte så populært, er fordi ein roman inneheld ei historie som er bra oppbygd og har livlege karakterar som hadde vorte spennande å sjå på lerretet.

Forrest Gump Poster
I den siste tida har eg sett nokre filmar og seriar som er basert på 
romanar. For ikkje så lenge sidan såg eg «Forest Gump» som er blitt ein verdskjent og prisvinnande film for sin røyrande historie. Eg har diverre ikkje fått lese boka, men det er ei bok eg gjerne vil lese før eg døyr. Ei bok eg las i første klasse på vidaregåande skule, «Holes» av Louis Sachar, vart filmatisert i 2003. Denne filmen såg heile klassen ilag og dermed kunne vi sjå litt på forskjellane fra bok til film. Eg følgjer også med på seriane «Dexter» og «Game of Thrones», som er begge baserte på romanar. 

I serien "Dexter" får du vite tankane til
ei seriemorder, ved hjelp av voice-over
Eg har ikkje lest så mykje bøker, difor veit eg ikkje kva for medium som formidlar bodskapen best, men eg har lest mange barnebøker, som Charlie og sjokoladefabrikken, og eg meiner at boken fekk fram bodskapen best. Når man lagar filmar har man muligheit til å manipulere bilda og leggje til høvande musikk, noko som ikkje kan gjerast i ei bok. I ei bok kan forfattaren leggje til lukt og følelsar som ikkje kan uttrykkjast like sterkt i ein film. I bøker kan man få vite tankane til personane, viss dette er brukt i film, kallas det voice-over. Når man leser boka lager man seg si eiga film i tankane basert på ulike sansar og fantasien til enkeltindividet, difor meiner eg at boka er det beste medium.

Filmen «Tatt av kvinnen» er basert på ein roman av Erlend Loe. Vi såg denne filmen i ei norsktime i lag med klassen. Eg tykkjer at bodskapen i filmen var at man må ta styring i sitt eige liv og gjere det man sjølv ønskjer, og ikkje late andre bestemme for deg. For å formidle dette ser vi på eit forhold mellom ein mann og ei kvinne, kor kvinna tek veldig styring over mannen i forholdet. Undervegs i filmen får vi vite kva mannen tenkjer og meiner gjennom voice-over, som ei slags forteljarstemme. Dette bidrog til at eg fekk sympati for mannen og eg fekk vita meir om kva som hendte, utanom det som hendte visuelt. Eg tykkjer dette var ein interessant film, og til tider litt artig. Sjølv om Noreg ikkje er kjent for å lage dei beste filmane, kjem «Tatt av kvinnen» under kategorien verdt å sjå.

Kjelder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar