søndag 20. mai 2012

Fordjupningsemne 1


Vi har hatt fordjupingsemne i norsk, og vi skulle få ein anledning til å setje oss grundigare inn i eit emne i faget. Eg ville samanlikne forfattarskapen til to forfattarar, med utgangspunktet i ei bok frå kvar forfattar. Bøkene eg brukte var Amalie Skrams Forrådt og  Joy Fieldings Sannhetens mareritt.

Eg leste boka Sannhetens mareritt for nokre år sidan, og har alltid meint at det var ei av dei beste bøkene eg har lest. I ein skuletime snakka vi Amalie Skrams Forrådt og la merke til at innhaldet i romanane var ganske lik. Eg fant dette interessant og lot dette inspirere meg til å fordjupe meg i romanane. 

1 kommentar: